Omtendigheitene rundt kvar eg er akkurat no kontra det forrige innlegget, er heilt annleis. Sist innlegg satt eg i «huset på prærien» ved Atlanterhavet, og no sitter eg i ein leilegheit i Bergen. Sist jobba eg som servitør/kokk, og no jobber eg som servitør (den har ikkje endra seg så mykje).

Det er mykje som har skjedd sidan sist. Ikkje berre for meg, men for heile Noreg; Covid-19, karantene, og sommarferien som ikkje vart heilt som forventa. For meg så er det en ny by, nye venner, og ny jobb. Det med venner har blitt satt på vent på grunn av Covid, men alt til sin tid. Anders og eg hadde det koseleg med ein stay-cation der vi tok livet med ro og koste oss.

Ettersom det har blitt mykje tid til å halde seg heime, så har det blitt fokus på sjølvransakelse og retrospekt. Eg har blitt betre kjend med meg sjølv og blitt meir sikker på kven eg er, kva eg vil, og kva eg treng. Både av meg sjølv og andre. Eg har begynt med min private dagbok der eg skriver ned tankane eg ikkje tør å sei høgt. Høyrast teit ut, men det har gitt meg veldig mykje. Ein friplass der følelsane mine blir erkjent, utan å føle at eg blir dømt.

No er livet tilbake til normalen. Så godt som. Anders og eg er begge tilbake i jobb, og vi lever det gode livet. Det er godt å vere tilbake i «sivilisasjonen».
fürstjulie